Select Page
Sundagskonsert med Mari Ask Helland

Sundagskonsert med Mari Ask Helland

I år som i fjor inviterast det til sundagskonsert på Grødalandstunet, Jærmuseet. Her vert det akustisk musikk med både song/kveding og hardingfelespel av Mari Ask Helland. Med folketoner og visemusikk vil Mari fortelja om både kjærleik og sorg, om dans og fest, og om...

read more

Laurdagstimen på Time Bibliotek

Har du ingenting å finna på, på laurdag? Elle kanskje treng du eit avbrekk frå julekavet? Då vil eg gjerna få føreslå å ta turen til laurdagstimen på Time Bibliotek no på laurdag (12. des.) og få med deg "Ei forteljing om Veslemøy/Haugtussa i bilete, ord og tonar"!...

read more

Videosnutt frå Firda Avisa

Lokalavisa Firda la ut ein liten videosnutt frå Vestlandskappleiken med blant anna underteiknede, som sjølvsagt var veldig hyggeleg! Video og artikkelen finn du her.

read more

"Fram Dansar ein Haugkall" av Arne Garborg

Her kjem det enda ein liten smakebit frå bacheloroppgåva mi "Haugtussa i Folketoner", og denne songen heitar "Fram Dansar ein Haugkall". Fleire gonger dukker Haugkallen opp og forsøkar å lokka Veslemøy inn i fjellet, og denne teksten er teken frå deira fyrste møte....

read more

"Mot Soleglad" av Arne Garborg

Til bacheloroppgåva mi spelte eg inn fleire tekstar frå "Haugtussa" av Arne Garborg med norske folkemelodiar til. Ute på youtube ligg nå den eine av desse; "Mot Soleglad". Melodien er etter Torbjørg Aamlid Paus.   For å sjå videoen, trykk her.

read more

Musikk frå Jæren

Med stor inspirasjon i både den norske folke- og visemusikken, liker eg å dra fram både eldre stoff i tillegg til nykomponert, og ikkje minst setja min eigen klang på det. Ta gjerne ein tur innom youtube for å verta betre kjend med musikken min!

Om Mari Ask Helland

 

Mari er oppvaksen og busett på Nærbø på det flate og vide Jæren. Som 4-åring vart ho med i barnekor, og har etterpå ikkje klart å gjeva slepp på musikken. Ho byrja med klassisk song og fiolin, men fann etter kvart heimen sin blant kveding og hardingfelespel. Repertoaret hennar består i stor grad av tradisjonsstoff som strekk seg over heile Noreg med hovudrepertoar frå Rogaland, men ho har og alltid hatt stor interesse for rock, country og symfonisk musikk. I tillegg har ho òg drevet med både teater og dans, og har vore lovsongsleiar/stått for musikkinnslag ved gudstenester og ungdomsmøte i kyrkje og på bedehus.

Erfaring

Mari har tidlegare arbeidd med fleire konsertar, tilstellingar og førestillingar med song/kveding, hardingfelespel eller konsertinaspel, både åleine og i lag med andre, samt haldt foredrag og undervist både enkeltelever og større klasser. For å nemna noko har ho hatt oppdrag ved ulike bryllaup, undervisande konsertar ved Tryggheim Ungdomsskule, framsyning av den eigenproduserte borneførestillinga «Huldra på Biblioteket» (august, 2017), vikar ved Folkemusikkarkivet i Rogaland, Ryfylkemuseet (våren 2015), foredrag ved Garborgsenteret om «Haugtussa og Folkemusikken» (januar, 2015), med i orkesteret ved Fantefølges oppsetjing av revymusikalen «Bruredansen» (mars 2015), solist og konferansier under «Jubileumskonserten» til Nærbø Musikkorps (våren 2014) og lovsongsansvarleg ved ungdomsmøtene (FRIK) i Bryne Frikyrkje (hausten 2010 – våren 2012)

Utdanning

  • Praktisk Pedagogisk Utdanning i Musikk ved Institutt for Musikk og Dans, Universitet i Stavanger
  • Bachelor i Utøvande Folkemusikk ved Institutt for Folkekultur – Tradisjonskunst og Tradisjonsmusikk, Høgskulen i Telemark
  • Årsstudie i Religion ved Universitetet i Stavanger
  • Årsstudie i Nordisk ved Universitetet i Stavanger

Framsyninger

  • «Huldra på Biblioteket», sjølvprodusert borneførestilling (2017)
  • «Bruredansen» sett opp Fantefølge; med i orkesteret (2015)
  • «Annie» sett opp av Hå Kulturtorg; hadde rolla som «Grace Farrel» (2009)
  •  «Maestro» sett opp av Unge Spor; medverkande som songar og skodespelar (2008)

Kappleikar

  • Landskappleiken 2017, 8. plass i Vokal B
  • Setesdalskappleiken 2016, 1. plass i Vokal B
  • Vestlandskappleiken 2015, 1. plass i Vokal B
  •  Vestlandskappleiken 2014, 2. plass i Vokal kl. B
  • Landskappleiken 2014, 8. plass i Vokal kl. B
  • Setesdalskappleiken 2014, 2. plass i Vokal kl. B

Kontakt

Mari tek på seg ulike typar oppdrag som musikalsk innslag ved ulike tilstellingar, og føredrags- og kurshaldar.

Ta gjerne kontakt på e-post, eventuelt på tlf.: 92267251.