Select Page
Julekonsert på Garborgsenteret

Julekonsert på Garborgsenteret

5. desember skal eg halda julekonsert på Garborgsenteret. Då vert det song og spel av gamle julesongar (og litt til) frå Rogaland, samt litt julehistoriar frå gamle dagar. Velkomen skal du vera! Link til Garborgsenteret sine heimesider med konsertinformasjon finn du...

read more
Huldra på Biblioteket

Huldra på Biblioteket

I september i haust bar vegen nordover til Randaberg Folkebibliotek for å halda førestillinga "Huldra og Fela" (aka "Huldra på Biblioteket"). Små (og store) samla seg for å høyra på huldremusikk, og mangt eit lite born sat med store augo då det fekk høyra om korleis...

read more
Søndagskonsert med Mari Ask Helland

Søndagskonsert med Mari Ask Helland

Tradisjonstru vert det søndagskonsert med Mari Ask Helland på Grødalandstunet. Her vert det lått og løye, tankar og forteljing, og ikkje minst song og spel. Kom å nyt ein hyggeleg og musikalsk vårkveld med song, hardingfele- og konsertinaspel ute ved havet.

read more
1. plass på Setesdalskappleiken

1. plass på Setesdalskappleiken

Under årets Setesdalskappleik kunne eg reisa svært så nøgd heim med 1. plassen i Vokal B med 119 poeng! Eg var òg så heldig å få ein nydele primstavpin frå Hasla i premie. Tusen takk til alle som stod på for å stella i stand ein svært hyggeleg kappleik! Me snakkast...

read more
SoundCloud

SoundCloud

No kan du òg finna musikken min på SoundCloud!  Lytt til musikken min (og andre sin), lag dine eigne spelelister og kos deg! Følg gjerne sida mi, så får beskjed når eg legg ut nye songar.  Måtte det verta ein god haust med mange kveldar i sofaen, mange tekoppar og...

read more
Oppdrag av den meir kreative typen?

Oppdrag av den meir kreative typen?

Har du nokon stått for eit arrangement og tenkt: «No hadde det passa med ei hardingfelespelande hulder!» eller kanskje: «Tenk viss det hadde såte ein sjørøvar der og sunge og spelt concertina (lite trekkspel)"? Som den sprudlande og leikne personen eg er, er eg svært...

read more

Musikk frå Jæren

Med stor inspirasjon i både den norske folke- og visemusikken, liker eg å dra fram både eldre stoff i tillegg til nykomponert, og ikkje minst setja min eigen klang på det. Ta gjerne ein tur innom youtube for å verta betre kjend med musikken min!

Om Mari Ask Helland

 

Mari er oppvaksen og busett på Nærbø på det flate og vide Jæren. Som 4-åring vart ho med i barnekor, og har etterpå ikkje klart å gjeva slepp på musikken. Ho byrja med klassisk song og fiolin, men fann etter kvart heimen sin blant kveding og hardingfelespel. Repertoaret hennar består i stor grad av tradisjonsstoff som strekk seg over heile Noreg med hovudrepertoar frå Rogaland, men ho har og alltid hatt stor interesse for rock, country og symfonisk musikk. I tillegg har ho òg drevet med både teater og dans, og har vore lovsongsleiar/stått for musikkinnslag ved gudstenester og ungdomsmøte i kyrkje og på bedehus.

Erfaring

Mari har tidlegare arbeidd med fleire konsertar, tilstellingar og førestillingar med song/kveding, hardingfelespel eller konsertinaspel, både åleine og i lag med andre, samt haldt foredrag og undervist både enkeltelever og større klasser. For å nemna noko har ho hatt oppdrag ved ulike bryllaup, undervisande konsertar ved Tryggheim Ungdomsskule, framsyning av den eigenproduserte borneførestillinga «Huldra på Biblioteket» (august, 2017), vikar ved Folkemusikkarkivet i Rogaland, Ryfylkemuseet (våren 2015), foredrag ved Garborgsenteret om «Haugtussa og Folkemusikken» (januar, 2015), med i orkesteret ved Fantefølges oppsetjing av revymusikalen «Bruredansen» (mars 2015), solist og konferansier under «Jubileumskonserten» til Nærbø Musikkorps (våren 2014) og lovsongsansvarleg ved ungdomsmøtene (FRIK) i Bryne Frikyrkje (hausten 2010 – våren 2012)

Utdanning

  • Praktisk Pedagogisk Utdanning i Musikk ved Institutt for Musikk og Dans, Universitet i Stavanger
  • Bachelor i Utøvande Folkemusikk ved Institutt for Folkekultur – Tradisjonskunst og Tradisjonsmusikk, Høgskulen i Telemark
  • Årsstudie i Religion ved Universitetet i Stavanger
  • Årsstudie i Nordisk ved Universitetet i Stavanger

Framsyninger

  • «Huldra på Biblioteket», sjølvprodusert borneførestilling (2017)
  • «Bruredansen» sett opp Fantefølge; med i orkesteret (2015)
  • «Annie» sett opp av Hå Kulturtorg; hadde rolla som «Grace Farrel» (2009)
  •  «Maestro» sett opp av Unge Spor; medverkande som songar og skodespelar (2008)

Kappleikar

  • Landskappleiken 2017, 8. plass i Vokal B
  • Setesdalskappleiken 2016, 1. plass i Vokal B
  • Vestlandskappleiken 2015, 1. plass i Vokal B
  •  Vestlandskappleiken 2014, 2. plass i Vokal kl. B
  • Landskappleiken 2014, 8. plass i Vokal kl. B
  • Setesdalskappleiken 2014, 2. plass i Vokal kl. B

Kontakt

Mari tek på seg ulike typar oppdrag som musikalsk innslag ved ulike tilstellingar, og føredrags- og kurshaldar.

Ta gjerne kontakt på e-post, eventuelt på tlf.: 92267251.