Select Page

Frende, vil du høyra...?

Julestemning i Nærbøparken

Julestemning i Nærbøparken

Det var ein kald og stille laurdagsmorgon i byrjinga av desember. Frosten, som allereie hadde låge nokre dagar, kvilte tørr og kvit over det elles så ganske blaute Jæren, og vitna om at sjølv jærkysten kunne ha sine nordiske vinterdagar. Ei kald sol steig så vidt over...

Julekort

Julekort

Lyst på ei jul fylt med cheezy synth, hardingfele, plystring og smurfestemmer? Eg òg! 😉 Trykk her for å lytta til albumet Julekort på Spotify.

Den gløymde musikaren Arne Garborg

Den gløymde musikaren Arne Garborg

Arne Garborg er kanskje mest kjend som forfattaren og diktaren, men sjølv har eg alltid vore fasinert over musikaren Arne Garborg. For mange er det kanskje ukjend, men Garborg skal ha vore ein dyktig musikar og felespelar, og i Haugtussa skal det finnast mange tekstar...

Musikk; ein moglegheit!

Musikk; ein moglegheit!

Noko av det som alltid har gripe meg mest med musikk, er alle moglegheitane ein har . Musikk er eit spanande, allsidig og utruleg verktøy som verkeleg ikkje kjenner avgrensingar! Når ein då får gleda av å arbeida med andre dyktige menneske, vert desse moglegheitene...

Folkedansmesse i Høyland Kyrkje

Folkedansmesse i Høyland Kyrkje

På sjølvaste St. Hans sundag 23. juni, kl. 11.00, er det duka for folkedansmesse i Høyland Kyrkje i Sandes med liturgi av Dag Hovda Sture. Han skal òg spela hardingfela og leia musikarane som består av Mari Ask Helland som songsolist, Eivor Time på altblokkfløyte,...

Tall Ships og sjørøveri i Sirevåg

Tall Ships og sjørøveri i Sirevåg

Tysdag 24. juli var det klart for Tall Ships Race 2018 i vesle Sirevåg. Ikkje berre var det mange spanande seilskuter å sjå på, men det var òg god mat, sjørøverførestilling, song og musikk, leik og skattejakt og, ikkje minst, veldig god stemning! I tillegg var...

Julekonsert på Garborgsenteret

Julekonsert på Garborgsenteret

5. desember skal eg halda julekonsert på Garborgsenteret. Då vert det song og spel av gamle julesongar (og litt til) frå Rogaland, samt litt julehistoriar frå gamle dagar. Velkomen skal du vera! Link til Garborgsenteret sine heimesider med konsertinformasjon finn du...

Huldra på Biblioteket

Huldra på Biblioteket

I september i haust bar vegen nordover til Randaberg Folkebibliotek for å halda førestillinga "Huldra og Fela" (aka "Huldra på Biblioteket"). Små (og store) samla seg for å høyra på huldremusikk, og mangt eit lite born sat med store augo då det fekk høyra om korleis...

Søndagskonsert med Mari Ask Helland

Søndagskonsert med Mari Ask Helland

Tradisjonstru vert det søndagskonsert med Mari Ask Helland på Grødalandstunet. Her vert det lått og løye, tankar og forteljing, og ikkje minst song og spel. Kom å nyt ein hyggeleg og musikalsk vårkveld med song, hardingfele- og konsertinaspel ute ved havet.

1. plass på Setesdalskappleiken

1. plass på Setesdalskappleiken

Under årets Setesdalskappleik kunne eg reisa svært så nøgd heim med 1. plassen i Vokal B med 119 poeng! Eg var òg så heldig å få ein nydele primstavpin frå Hasla i premie. Tusen takk til alle som stod på for å stella i stand ein svært hyggeleg kappleik! Me snakkast...