Select Page

Folkemusikk i Rogaland

Julestemning i Nærbøparken

jan 4, 2023 | Ymse | 0 comments

Det var ein kald og stille laurdagsmorgon i byrjinga av desember. Frosten, som allereie hadde låge nokre dagar, kvilte tørr og kvit over det elles så ganske blaute Jæren, og vitna om at sjølv jærkysten kunne ha sine nordiske vinterdagar.

Ei kald sol steig så vidt over haugane i aust og kledde den blå himmelen med raude og gule stråler som om den var fast bestemt på å vinna over den sølvkledde måneskinsnatta ved å dekka landskapet og bygdene i gull.

Slik ynskja dagen meg velkomen i det vinterskoa knasa mot grusen og eg sette med inn i den kalde bilen. Det var ikkje lange køyreturen, men det var for glatt til å sykla og eg visste at sjølv med 4-5 lag ullklede kom dette til å verta ein fin, men kald dag.

Vinterkulden derimot kunne ikkje måla seg med julevarmen denne dagen hadde å by på.

For sjølv med fleire kuldegradar på målestokken, osa Julaparken i Nærbøparken 3. desember, 2022, med varme, lys og stemning.

Her var det duka for mat, utsalg av spanande varer, song, musikk, hesteriding, fugledans, julelys og mykje meir, og eg var så heldig å få vera med som solist på Hå Kulturskule sitt juleshow «Julekort» med musikk og tekst skrevet av Ragnvald «Skrangvald» Wernøe. Med oss på scenen hadde me med oss fantastiske songarar og dansarar frå Hå Kulturskule!

Tidlegare same hausten hadde me òg vore i Storytel Recording og spelt inn musikken, der eg bidrog med både song, hardingfele og plystring.

Tusen takk til alle som var med og gjorde denne dagen til ein fantastisk dag for heile kommunen. Eg kjenner meg heldig som får bu i ein kommune med så mange gode folk som står på for å skapa glede i lokalmiljøet!

Kanskje litt i seinaste laget, men god jul og godt nyttår, alle saman!

Lyst å høyra «Julekort» på spotify? Trykk her. 😊

0 Comments

Submit a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg.