Select Page

Folkemusikk i Rogaland

Den gløymde musikaren Arne Garborg

mar 26, 2021 | Arne Garborg, Artikkel, Folkemusikk, Jæren | 0 comments

Arne Garborg er kanskje mest kjend som forfattaren og diktaren, men sjølv har eg alltid vore fasinert over musikaren Arne Garborg. For mange er det kanskje ukjend, men Garborg skal ha vore ein dyktig musikar og felespelar, og i Haugtussa skal det finnast mange tekstar knytt til folkemusikken han sjølv vaks opp med på Jæren.

Denne musikaren som er ukjend for mange, var den Garborg eg fann interesse i, og i 2015 skreiv eg ei bacehloroppgåve der eg drog fram tekstar frå Haugtussa som kunne knytast til folkemusikk. Denne artikkelen er i stor grad teken derifrå, men med noko omskrivingar. Heile bacehloroppgåva mi kan du finna ved Time Bibliotek på Bryne.

Henta 26.03.2021 frå https://www.nb.no/items/23081e90867e8bd2fdc73d64c16b1097?page=0&searchText=

Arne Garborg (døypt Aadne Eivindsson Garborg) vart født som eldste son på garden Garborg i Time Kommune 25. januar, 1851.[1] Kanskje ikkje den staden i Noreg folk flest forbinder med lange, djupe røter i den norske musikktradisjonen, men likevel var det altså her han Aadne fekk sin kjærleik for musikk.

Så kva forhold hadde Garborg til musikk? Eg har funne fleire kjelder som talar sterkt om hans nære forhold til musikk og kanskje særskilt felespel. Henrik Sandal skildrar det slik frå tida då Garborg var lærar på Riska:

«…Og så var han så flink til å spela og syngja! Når borna tok til å verta trøytte, let han dei syngja eller song sjølv eller spela for dei, og så heldt han fram med undervisinga igjen. Han var ein meister til å spela. Han kunne få fram alt mogleg på den eine strengen på salmodikonet, ting som ingen andre kunne få til!»[2]

Medan han var på lærarskulen fekk han i gong songlag, der dei skal ha sunge mange folketonar.[3] Han hadde nok òg god kjennskap til mang ei vise frå barndomen av. Sjølv skriv Garborg i Knudaheibrev:

«Tenestefolket var det stundom hjelp i. Slikt som eventyr kunne ikkje dei, men særleg jentene fortalde bygdesoger og anna smått. Segnstubbar med, som me gjerne høyrde på. Somme kunne kveda au. Ikkje folkeviser, veit du; kulturmålsviser.»[4]

Likevel var det nok eit instrument som skilde seg frå alt anna; nemleg fela. Garborg var heilt frå barndomen svært glad i fela og felespel:

«Fela hadde lokka meg frå mi fyrste tid. Ikkje stort meir enn ein neve stor sat eg i dansarleikar og bryllaup og klengde meg inntil spelemenn, reint ør, borte frå alt, trollteken av fela.»[5]

Garborg fortel òg at naboen hadde ein tenestedreng som spela fele, og han var titt og ofte på besøk som gutunge. Då faren vart gripen av den sterke pietistiske trua og felespel vart ei synd, fekk mora tak i ei gamal skarvefele som Garborg kunne spela på når faren ikkje var heime.[6] Venen hans Torkjell Mauland skildrar det slik:

«Ein ting gjekk det ord um: Han hadde slik hug til å spela på fela. Han kunde sitja halve dagane attunder husveggjerne og gnura på ei fela, det var ein fjølende med nokre tasasnorer yver til strengjer. Hadde han ikkje strengjer, so bruka han eit trebrett til fela og ein kjepp til boge; det gjorde same gagnet, for tonen tralla han sjølv med munnen.»[7]

Då Garborg flytta heimefrå, fekk han fort tak i ei fele og brukte ho flittig,[8] og då faren døydde var det fela Garborg søkte trøyst i: Han låste seg inne på rommet sitt på Holt, og vart sitjande og spela i tre dagar.[9]

I åra som følgde kom Garborg til å fortsetta med stor hug for fela. Han lærde seg kjende feleslåtter som «Nøringen», «Siklebekken» og «Førnesbrunen», og var mykje i lag med spelemannen Halvor Jørgensen Li frå Bøherad.[10] Ettersom åra gjekk la han likevel vekk fela, fortel Jon Line, då Garborg sjølve meinte at han ikkje var noko god til å spela.[11] Line var usemd i dette:

«Likevel var han ikkje so verst etter mi meining. Hallingen og springaren strauk han rett godt. Og gamle jærdansar med.»[12]

Garborg døydde 14. februar, 1924, i Asker[13], og i dag er han gravlagd oppe på Knudaheio, Undheim på Jæren, i lag med kona Hulda Garborg. Så tagna altså fela hans Aadne til slutt, dessverre, og sjølv har eg alltid drøymt og tenkt «om eg berre kunne fått høyrt Arne Garborg spela fele».

Kvar felene hans tok vegen, har eg ikkje klard å finna ut av, men som den folkemusikkentusiasten eg er, hadde det vore gildt og sett kva feler han spelte på. Kanskje det til og med kunne vore ei fele av ein jærsk makar i samlinga hans?

Sjølv om me har mange kjelder som fortel om Garborg som spelmann og musikar, har me dessverre lite reint musikalsk å gå etter. Ikkje vart det gjort noko opptak av han og ikkje noko nedteikningar, som me veit om. Men heldigvis har me Haugtussa som kanskje gjev oss eit lite vindauge inn i det enorme repertoaret eg trur Garborg hadde, og så får me heller berre finna gleda i at Garborg var dyktig med meir enn berre pennen.


[1] Reime, Sigbjørn. Då Arne Garborg var liten. Time Kommune. Kulturvern. 2012:7

[2] Jonsbråten, Magnus. «Garborg og Musikken»side 219-227 i Aadne Garborg – «Sandheden – Sandheden, om den saa skal føre til Helvede!» (red. Time, S. og Lejon, E.) Noregs Boklag. Oslo. 1981:219-220

[3] Jf. Jonsbråten 1981:221

[4] Jf. Garborg. 2005:66

[5] Jf. Jonsbråten 1981:220

[6] Jf. Jonsbråten 1981:220

[7] Jf. Jonsbråten 1981:220

[8] Jf. Jonsbråten 1981:200

[9] Jf. Obrestad 1991:42

[10] Jf. Jonsbråten 1981:224

[11] Line, Jon. Han Aadne og eg. Jærbladet 1994:15

[12] Jf. Line 1994:14

[13] Time, Sveinung. Arne Garborg. https://nbl.snl.no/Arne_Garborg. (Henta 04.05.2020).

0 Comments

Submit a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg.