Noko av det som alltid har gripe meg mest med musikk, er alle moglegheitane ein har . Musikk er eit spanande, allsidig og utruleg verktøy som verkeleg ikkje kjenner avgrensingar! Når ein då får gleda av å arbeida med andre dyktige menneske, vert desse moglegheitene tydelegare.
Ei slik oppleving hadde eg då eg var så heldig å få arbeida med diktaren Heidi Strand Harboe. I forbinding med bispevisitas i Bryne, Time og Undheim sokn 2018, fekk eg og Heidi i oppdrag å laga eit innslag til kulturkvelden der me kombinerte opplesing av dikt skriven av Heidi og musikk.
For meg vart dette ei oppleving, ei spanande utfordring; ein moglegheit til å bruka musikken på ein måte eg ikkje hadde gjord før. Og ikkje minst, det var veldig gildt!
Særskilt var det veldig gildt å få arbeida med Heidi, ein utruleg dyktig diktar, og ei veldig dyktig, hyggeleg, god dame!
Kjenner du ikkje til verka hennar frå før av, vil eg anbefala på det sterkaste å ta ein kikk på dei.
Og spelar du musikk og syng, så våg å leika litt med musikken! Hugs, det finnest mange måtar å spela ein song på, og ingen fasit! ?
0 Comments