Select Page

Folkemusikk i Rogaland

Huldra på Biblioteket

nov 15, 2017 | Ymse | 0 comments

I september i haust bar vegen nordover til Randaberg Folkebibliotek for å halda førestillinga «Huldra og Fela» (aka «Huldra på Biblioteket»). Små (og store) samla seg for å høyra på huldremusikk, og mangt eit lite born sat med store augo då det fekk høyra om korleis huldra song dyra heim, korleis ho møtte bestevennen sin, Asbjørg, og om livet i fjellet og haugane. Etter førestillinga var over, var det mange nysgjerrige som ville sjå nærare på den vakre fela, Asbjørg.

Ikkje berre det, men det var òg svært gildt for denne huldrejenta her at så mange ville koma og høyra på!
Tusen takk til Randaberg Folkebibliotek for at eg fekk koma!

Førestillinga var skriven av meg, Mari Ask Helland, og musikken som vart nytta var tradisjonsmusikk frå Rogaland og omegn.
Foto: Tale Østrem.

0 Comments

Submit a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg.